Gå videre til innhold
I Eg er vinden gir Jon Fosse ein stemme til det som ikkje kan seiast. Foto Stig H Dirdal
I Eg er vinden gir Jon Fosse ein stemme til det som ikkje kan seiast. Foto Stig H Dirdal

Pressemelding -

Eg er vinden er klar til å kasta loss og me inviterer til presseframsyning

EG ER VINDEN

Å gje ein stemme til det som ikkje kan seiast

Jon Fosse er poet, omsetjar og dramatikar og fekk som den fjerde nordmannen nokosinne, Nobelprisen i litteratur «for hans nyskapende dramatikk og prosa som gir stemme til det usigelige»

Det er fyrste gong sidan 2008 at Rogaland Teater set opp Fosse. Når me no endeleg gjer Fosse igjen, er det med eit imponerande kunstnarisk team, som vil ta oss med på ein seglas frå Intimscenen og ut på dei store eksistensielle djupa, gjennom den fellesskapen det er å kunna dela kunst, for å seia det med Fosse.

Eg er vinden er ei poetisk førestilling om livet og døden, om kor vanskeleg det er å snakke med kvarandre, og om kor avgrensa språket er når livet blir utfordrande.

I stykket møter me to karakterar: Den eine og Den andre, spilt av Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver. Den eine har teke eit val som er vanskeleg for Den andre å forstå. Korleis forklare for nokon nær deg at du ikkje orkar å leve lenger? Korleis setje ord på noko du ikkje eingong klarer å forklare for deg sjølv?

Det blir eit mysterium dei prøver å snakke om – nøste opp i. Men språket strekk ikkje til, og me blir vitne til kor vanskeleg det er å snakke om det som er aller vanskelegast.

Og enn så einsamt det kan kjennast å prøva å nå kvarandre, er det kanskje gjennom forsøket at me opplever ein fellesskap og ein tryggleik. Slik Fosse sjølv sa i Nobelforedraget sitt:

«Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.»

Me inviterer til presseframvising tysdag 12. november kl 11:30 på Intimscenen
Premiere 20. november kl 19:00.

Folkene bak:

Av Jon Fosse

Regissør Victoria Meirik

Scenograf og kostymedesigner Anette Werenskiold

Lysdesign Agnethe Tellefsen
Komponist Ingvild Langgård

Dramaturg Matilde Holdhus
Maskør Mio Eyfjord

Medvirkende
Den eine Kim Fairchild
Den andre Ingrid Unnur Giæver

Forlag Colombine

Emner

Kontakter

Pernille Kaldestad

Pressekontakt Informasjonssjef 92421792

Velkommen til Rogaland Teater!

Den 15. april 1883 åpnet teaterbygningen i Kannik for første gang dørene for publikum. Siden den spede starten har teatervirksomheten gledet, forarget, engasjert og begeistret.
Rogaland Teater har vært et samlingssted for scenekunst preget av høy profesjonalitet og kunstnerisk kvalitet. Gjennom årene har teatret utviklet seg, etablert et eget barne- og ungdomsteater, bygget på, blitt større, fått flere publikummere og blitt en sentral kulturinstitusjon og en merkevare med godt omdømme.
I dag, over 130 år etter åpningen, er aktiviteten på huset og nivået på scenekunsten høyere enn noensinne. Virksomheten ved huset spenner bredt, og det profesjonelle miljøet på og bak scenen er en velsmurt motor i det rogalandske kulturlivet.
Ringvirkningene fra Teaterveien når ut til hele Rogaland. Rogaland Teater er et hus med høye kunstneriske ambisjoner, stor energi og uendelig mye skaperkraft.
Rogaland Teater skal være sentrum i kunsten. For mennesker, av mennesker. Et sted der det nye skapes og der det kjente blir nytt.

Rogaland Teater

Teaterveien 1
N-4005 Stavanger
Norge